ARY gler seg til Våt Moro

ARY gler seg til å kome til Florø

ARY gler seg til å kome til Florø Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Ein av landets mest talentfulle artistart opnar Våt Moro

DEL

Torsdag startar Våt Moro, og til å sette i gong det heile har festivalen fått på plass den norske artisten Ary. Artisten frå Byåsen i Trondheim heiter eigentleg Ariadne Loinsworth og kom i 2016 på førsteplass på «Musikknyheter» si liste over kva artistar bransjen har størst trua på.

Banken betalar beaten

ARY fekk sitt gjennombrot i 2015, då ho samarbeida med den norske produsenten og artisten Carl Louis om blant anna songen Telescope. I fjor slapp Ary sin fyrste solosingel Higher, i tillegg syng ho «The Sea» som var introlåta til NRK-serien Nobel. I 2017 er artisten aktuell med låten Childhood Dreams som no har over 6.9 millionar avspelingar i strøymetenesta Spotify. Ein song som garantert vert å høyre i AfterSea-teltet på torsdag.

Travel sommar

I fjor var det Sondre Justad som opna Våt Moro, ein artist som akkurat hadde etablert seg som ein stjerneartist, men det var han ikkje då Våt Moro booka han.

– Vi var tidleg ute med Justad, og fekk booka han før han vart etablert. Det er litt det same med ARY. Eg såg ho på Lindmo og tenkte at ho var spennande, litt som då vi booka Justad, fortel festivalsjef Frank Robert Klakegg.

I sommar er ARY travelt opptatt med festivalar både i inn- og utland. Ho har allereie spelt på Roskilde og Glastonbury, og skal seinare på Way Out West, tre av Europas største festivalar, likevel vert Våt Moro eit høgdepunkt.

– Det kjem til å bli veldig artig å dra ut for å spele igjen. Eg gleder meg kanskje mest til Våt Moro i Florø, for der har eg høyrt vi kan køyre vasscooter, sa ARY til Aftenposten tidlegare i sommar.

Det at ARY trekk fram Våt Moro gjere at festivalsjef Klakegg vert stolt.

– Det er klart at vi vert stolte av å høyre at ho gler seg til å komme, samstundes som vi gler oss til ho kjem, seier Klakegg.

I dag opnar Sondre Justad Våt Moro

Bildeserie Sondre Justad

Artikkeltags