Kjøligare i mai enn i april i Florø og fleire andre stader

Kjølig maivær i Bergen. Her på Bryggen.

Kjølig maivær i Bergen. Her på Bryggen. Foto:

Av

VÆRET: I Bergen, Ålesund, Kristiansund og Florø var middeltemperaturen i mai månad i snitt kjøligare enn i april, ifølge Meteorologisk institutt.

DEL

Det er første gang på 150 år at det har vore varmare i april enn i mai i Bergen.

I hovudstaden på Vestlandet landa middeltemperaturen for mai på 9,4 grader, mens april som var unormalt varm, hadde 9,8 grader i gjennomsnitt.

I Ålesund var det ein heil grad varmare i påskemånaden april med 9 grader, enn i mai, der middeltemperaturen var på 8 grader. I vestlandsbyane Kristiansund og Florø var middeltemperaturen også lågare enn i april.

Mai månad har fleire stader vore betydeleg kaldare enn den var i fjor.

Mai 2018 var den suverent varmaste sidan 1900, og månadstemperaturen for heile Norge låg 4,2 grader over normalen. Og det blei sett ny varmerekord for Norge då det blei målt 32,7 grader i Etne i Hordaland.

Artikkeltags