133 naturskademeldingar etter årets første hauststorm i vest

Den sterke vinden sendte et tak fra et nøst inn i vinduet på en bolig på Hanøytangen.

Den sterke vinden sendte et tak fra et nøst inn i vinduet på en bolig på Hanøytangen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Vest politidistrikt har mottatt 133 meldingar om ulike naturskadar sidan onsdag kveld. Forsikringsselskapa tar fram kalkulatorane igjen.

DEL

– Det har vore sterk vind i store deler av distriktet, og frå onsdag kveld klokka 18 har politiet mottatt totalt 133 meldingar om ulike naturskadar. Det er ikkje meldt om alvorlege personskadar, rapporterer politiet i vest klokka 4 torsdag morgon.

Det har blåst full storm natta gjennom mens vêrsystemet beveger seg opp langs norskekysten. Eit av dei største problema er nedblåste tre som sperrer vegar og forårsakar straumstans. På eit tidspunkt var rundt 19.000 kundar i bergensområdet straumlause onsdag kveld, ifølge kraftselskapet BKK, som jobba på spreng med å få retta opp feil på nettet. Klokka 4 var 8.700 av kundane deira framleis utan straum.

Også på Austlandet kom det mange meldingar om nedblåste tre på fleire vegar i Østfold og Akershus, og politiet sendte natt til torsdag ut oppfordring om å køyre forsiktig i haustmørket og sjekke at alle lys på køyretøyet er i orden. I løpet av natta blei fleire av vegane ryddet og opna igjen, inkludert riksveg 15 mellom Otta og Lalm.

Ikkje like mykje

Då stormen Johanne raste over sør- og østlandsområdet fredag 10. august, gjekk det hardt utover eigedommar.

– Vi ser nå at sluttsummen kom opp i rundt 100 millionar kroner for forsikringsselskapene samla, seier kommunikasjonssjef Bjarne Rysstad i Gjensidige i ein e-post til NTB.

Då var dei råka områda tett folkesett, og i hovudsak var det eigedom og bustader som fekk gjennomgå, i tillegg kom ein god del biler og båtar som fekk skader.

Ifølge Rysstad er det for tidleg å spå kva som vil vere største skadekategori denne gangen, men geografisk sett bør skadeomfang bli meir avgrensa enn sist.

– Men vi ser allereie no at det vil bli mange skader både på hus, bil, båt og infrastruktur. I det minste dreier det seg om millionar av kroner, seier han.

Komplisert

All vinden vanskeleggjorde arbeidet ved fleire redningsoperasjonar, blant anna då ein båt sto i brann utanfor Askvoll i Sogn og Fjordane rundt midnatt og då ein mann skulle reddes ned etter ein skyteulykke i Telemark onsdag kveld.

På Nordvestlandet har det blåst godt gjennom natta. På Herøy i Møre og Romsdal måtte brannvesenet rykke ut etter midnatt for å sikre ein innblåst dør på ein restaurant i Fosnavåg og seinare for å sikre utblåst vindauge i Ålesund.

Artikkeltags