Har vi sett det siste av sola i sommar?

SOL: Slik såg det ut førre veke. Korleis vil resten av sommaren bli?

SOL: Slik såg det ut førre veke. Korleis vil resten av sommaren bli? Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

VÆR: – Det er ikkje grunn til å vere pessimist, seier vakthavande meteorolog.

DEL

Torsdag kom for alvor nedbøren, etter ein kortvarig periode med sol i Sunnfjord.

– Vêret ser ofte verst ut når ein sit inne og ser ut på det, seier vakthavande for Meteorologisk institutt, Jon Austerheim.

Førre veke fekk vi eit glimt av sommar i Sunnfjord, er vêret komme tilbake til slik det var i byrjinga av sommaren. Og det vil framover komme ein god del fleire regnbyger i fylket.

– Det er nok lurt å kle seg i regntøy denne helga, seier Austerheim.

Sjølv om det blir mykje regn vil ikkje temperaturen vere låg. Den vil framover ligge på rundt 14 til 17 grader, og snike seg opp mot 20 grader i fjordane. Nokre plassar i Sunnfjord er heldigare enn andre og vil få det ein del tørrare.

– Er sommarvêret over for denne gong?

– Det er ikkje grunn til å vere pessimist, været vil nok skifte etter kvart og kanskje vil sola glimte til igjen, fortel Austerheim.

Vi treng difor ikkje å pakke ned badetøyet endå, men vente å sjå kva august har å by på.

Artikkeltags