Det verste er over, men vinden løyer ikkje heilt enno

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Vi har lagt ei vindfull natt bak oss, og framover dagen vil vinden roe litt etter litt.

Både Storm og Yr melder om at vinden skal halde seg ut over måndags morgon, før det roar seg ut over ettermiddagen. Då går vindstyrken frå 18 m/s til 10 m/s. Retninga skal vere som i natt, frå sør-søraust.

Det er elles meldt om litt nedbør, om enn ikkje så mykje og mellom tre og fire grader.

Vinden har også gjort til at det ikkje er så enkelt å komme seg over fjellet frå vest til aust. NRK Sogn og Fjordane melder at Filefjell no er den einaste fjellovergangen mellom vest og aust som er open. Rv. 15 Filefjell er kolonnekøyrd, medan det over Hemsedalsfjellet er kolonnekøyring for store køyretøy.

Artikkeltags