Kaldaste oktober på ti år, men vår lokale målestasjon låg over normalen

LaUVFALL

LaUVFALL Foto:

Månadstemperaturen for landet under eitt var 1,4 grader under normalen i oktober.

DEL

Vi må tilbake til 2009 og 2003 for å finne ein kaldare oktober på landsbasis. Relativt kaldast var det i Nord-Norge, særleg Troms og Finnmark, der fleire stasjoner hadde avvik frå 2 til nesten 4 grader under normalen, medan eit par stasjonar på Vestlandet hadde månadstemperaturar frå 0,1 til 0,5 grader over normalen.

Dei varmaste stasjonane var Røvær (Haugesund) og Kvitsøy (Rogaland) med 9,5 grader (høvesvis ingen normal og likt med normalen). Ytterøyane fyr, Utsira fyr, Lindesnes fyr og Slåtterøy fyr hadde 9,4 grader (høvesvis 0,3 grader og 0,1 grader over normalen, og 0,1 grader og 0,2 grader under normalen), og Fedje i Hordaland hadde 9,2 grader (0,2 grader over normalen).

De kaldeste stasjonene var Sjufjellet i Troms, 1020 moh, -5,6 grader (ingen normal enno), Sætertinden ved Tjeldsundet i Troms, 1095 moh) og Kistefjell i Troms, 982 moh -5,0grader (ingen av stasjonane har normal enno).

Sihccajavri i Finnmark, Cuovddatmohkki i Finnmark og Suolovuopmi – Lulit i Finnmark -4,8 grader (høvesvis 2,3 grader, 2,9 grader og 2,4 grader under normalen).

Høgaste maksimumstemperatur, 16,0 grader, blei registrert 11. og 16. oktober på Etne i Hordaland, og 24. oktober på Tingvoll i Møre og Romsdal. Gjennomsnittet for høgaste maksimumstemperatur i oktober dei siste 30 åra er 20,4 grader. Lågaste minimumstemperatur var -27,2 grader, og blei målt på Suolovuopmi – Lulit (Kautokeino, Finnmark) og Cuovddatmohkki (Karasjok, Finnmark) 28. oktober. Gjennomsnittet for lågaste minimumstemperatur i oktober dei siste 30 åra er -21,0 grader.

Månedsnedbøren var 85 prosent av normalen. Fleire stasjonar på Sørlandet og Østlandet fekk frå 150 prosent til opp mot 200 prosent av den normale nedbøren. Nokre stasjoner i Nordland, Troms og Sogn og Fjordane fekk frå 30 til 50 prosent av normalen. Dei våtaste stasjonene var Gullfjellet i Bergen med 393,2 mm (ingen normal enno), Basura iEtne 384,8 mm (ingen normal enno) og Hundseid i Vikedal (Vindafjord, Rogaland) med 355,5 mm (101 prosent av normalen).

Dei tørraste stasjonane var Birtavarre i Troms) med 12,4 mm (ingen normal enno), Tana bru i Finnmark med 16,9 mm (ingen normal enno) og Nordnesfjellet i Troms med 17,5 mm (ingen normal enno). Høgste døgnnedbør var 75,4 mm, og blei målt på Gullfjellet iBergen, Hordaland 23. oktober.


Artikkeltags