Varslar om svært kraftige regnbyger

ORANSJE: Meteorologisk institutt har sendt ut oransje varsel for nedbør for Vestland fylke.

ORANSJE: Meteorologisk institutt har sendt ut oransje varsel for nedbør for Vestland fylke. Foto:

KINN: I deler av Sogn og Fjordane kan det komme opp mot 70 mm på seks timar.

DEL

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel på oransje nivå, altså varsel om svært kraftige regnbyger, for Hordaland og Sogn og Fjordane. Einskilde stader i fylket, som i Gaular, er det meldt mellom 32 og 70 mm nedbør mellom midnatt natt til torsdag og klokka 06.00. og på Sande er det meldt opp mot 120 mm nedbør frå onsdag kveld til torsdag føremiddag, skriv Firda.

For Flora og Bremanger sin del er det ikkje meldt like mykje nedbør. I Florø er det meldt mellom 5 og 22 mm nedbør mellom 18.00 og midnatt onsdag, og ytterlegare mellom 9 og 20 mm til dei etterfølgande seks timane. Og mellom 06.00 til 12.00 er det meldt mellom 11 og 17 mm nedbør. Det er om lag det same som er venta i Kalvåg.

Det verkar komme meir nedbør dess lenger inn i fylket ein kjem. I Eikefjord varslar dei først om mellom 16 og 34 mm nedbør frå 18.00 til midnatt onsdag. Dei etterfølgande seks timane er det venta mellom 17 og 32 mm medan det er venta mellom 14 og 22 mm mellom 06.00 og 12.00.

Det er også venta meir nedbør i Bremanger. I Svelgen er det meldt mellom 10 og 28 mm nedbør mellom klokka 18.00 og midnatt onsdag, og opp til 24 mm mellom midnatt og 06.00. dei etterfølgande seks timane er det venta ytterlegare 19 mm.

Statsmeteorolog Steinar Skare ved Vervarslinga på Vestlandet sa tysdag morgon til Firda at det er litt tidleg å seie akkurat kor alvorleg nedbøren vil ramme.

– Utpå ettermiddagen vil det komme inn eit tog av byer som kan bli ganske kraftige. I tillegg kjem det ein kaldfront som kjem inn tidleg torsdag, og den vil og ha med seg nedbør. Så vi ventar ein god del nedbør. Eg kan ikkje akkurat no seie kor alvorleg det blir. Vi vurderer no og utover formiddagen om vi skal sende ut farevarsel, seier Skare, som seier ein vil ha betre overblikk over situasjonen etter middag tysdag.


Artikkeltags