– Sol heile dagen, lite skyer å sjå, ein varm 17. mai, er oppsummeringa frå meteorologen

FSK har arrangert 17. mai i florø i 20 år. Her går flaggborga i 2008.

FSK har arrangert 17. mai i florø i 20 år. Her går flaggborga i 2008. Foto:

Finn fram solbrillene og solkrem: Det blir veldig bra vêr på nasjonaldagen, fortel meteorologen.

DEL

– Eit høgtrykk er på veg til å bygge seg opp over landet vårt. Det blir berre betre og betre, og varmare og varmare vêr utover veka, seier Magni Svanevik.

Ho er meteorolog hos Vêrvarslinga på Vestlandet. Etter ein kald start på månaden skrur mai på sjarmen og leverer sol heile dagen og sommartemperaturar på 17. mai.

– Prognosane viser over 20 grader i store delar av Sogn og Fjordane. På kysten derimot kan det bli litt kaldare, men generelt sett gode temperaturar, seier Svanevik.

Samanlikna med same dag i fjor er det ei oppgradering. Då viste gradestokken 11 grader dei fleste plassar.

Ingen har så langt slått varmerekorden Tønsberg sette 17. mai 1960. Då det vart målt heile 28,6 grader på nasjonaldagen, skriv Bergensavisen. Det ligg ikkje an til ny varmerekord i år, men ifølge avisa er det Vestlandet som stikk av med dei høgste temperaturane.

– Ja, det blir varmt, og det er fordi vi får vind frå aust. Då er det ofte slik at vestsida av fjella får høgre temperaturar enn austsida, men det har meldt fint på Austlandet også. Men akkurat no ser det ut til at Sogn og Fjordane får det varmare enn Hordaland, seier Svanevik.

Til kvelden kan ein merke seg at det skal blåse opp til frisk bris frå nord, men det skal ikkje ha noko å seie for vêret, seier meteorologen.

Det har generelt meldt varmare dagar i langtidsvarselet, men ikkje utan regn.

– Det ser det ut til at vi får ein grå slutt på helga. Men alt i alt har vi mange fine dagar framfor oss, seier Svanevik.

Dette er greitt – og ikkje – når du går i bunad 

Artikkeltags