Vanskeleg marknad for pelagisk

Foto:

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Norway Pelagic i Florø og Kalvåg har starta opp igjen med produksjonen.

DEL

- Makrellsesongen er i full gang, og nokre båtar har også starta med sildefisket i nord. Men marknaden er vanskeleg.

Det fortel Geir Robin Hoddevik som er salsdirektør i Norway Pelagic.

- Spesielt i Japan er det litt nervøst. Etterspurnaden etter makrell er der, og lagera er på det næraste tomme. Men det handlar om å finne det rette prisnivået, og der herskar det førebels litt usikkerheit, seier Hoddevik.

Prisane har dei siste dagane variert frå 7,50 for den minste til over 9 kroner kiloet for den største.

– Det er omtrent som forventa og noko vi er rimelig godt nøgde med, fortel Kjell Rune Nekkøy på Florø-båten «Albacore».

Dei reknar med å ha tre turar igjen på makrellen før dei er ferdige med kvotane, og då vil dei jakte på hestmakrellen.

Artikkeltags