Vanskeleg å rekruttere legar til ytre

Artikkelen er over 14 år gammel

SVELGEN: Kommunelege Kan Shanker er redd det kan bli vanskelegare å rekruttere legar til Bremanger kommune dersom politikarane vel å organisere legetenesta med to legar i indre og to i ytre.

DEL

– Det har vist seg at til meir desentralisert legetenesta er, til vanskelegare er det å rekruttere legar. Det er ingen legar som vil vere i ytre Bremanger, og då risikerer vi å ende opp berre med vikarar, hevdar Shanker, som stiller spørsmålsteikn ved effektiviteten i ei slik ordning.

– Det fungerer greitt slik ordninga er i dag, med tre legar stasjonert i Svelgen, og med enkelte dagar i ytre, men når det blir snakk om å bu i ytre, då trekkjer legane seg, seier han vidare.

Overforbruk

I budsjettframlegget sitt for 2005 har han teke utgangspunkt i dagens modell, då politikarane førebels ikkje har gjort vedtak om endringar i legekontorstrukturen.

– Rådmannen har også gjeve klar beskjed om å halde same budsjettramma som i fjor, og med tre legekontor som i dag, vil det gje eit overforbruk på 400 000 kroner. Skal vi få budsjettet i balanse, har vi ikkje anna val enn å skjere ned på aktiviteten både på Hauge og på Davik med ytterlegare ein dag i veka, seier Shanker.

Daglegevakt

Frå 1. januar 2005 vil daglegevakta bli sentralisert til Svelgen dei fem første dagane i veka, men dette har ingen ting med økonomi å gjere.

– Fram til no har vi hatt daglegevakt spreidd på tre kontor, og det har ført til lang ventetid og stadig endring på avtalte timar ved dei ulike kontora. Vi meiner det er på høg tid å vise meir respekt for dei pasientane som har bestilt time, og difor trur vi alle vil bli best tente med å samle daglegevakta til eitt kontor. Her må eg få presisere at dette ikkje gjeld akutthjelp. Ved livstruande tilstand har den næraste legen plikt til å møte, uansett kor mange andre pasientar som må vente, slår Shanker fast.

Artikkeltags