Vann to KM-titlar på ei helg

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

BREMANGER: BIL-jentene er best i fylket i fotball. . I helga tok dei ikkje mindre enn to KM-titlar, laurdag vann dei jenteklassa, og søndag gjekk dei heilt til topps i dameklassa med eit reint jentelag.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det er første gong i historia at Bremanger IL har vunne krinsmeisterskap innandørs i aldersbestemte klassar, og med to titlar i to ulike klassar same året, var det god grunn til å feire dei flotte resultata. Søndag kveld vart dei beste jentene i fylket heidra av sine eigne på klubbhuset, der foreldra stilte opp med pizza, marsipankaker (ei for kvar KM-tittel) og sjampanjebrus, og leiar Kåre Magne Moe rosa jentene for innsatsen og den gode måten dei representerer idrettslaget på.

Gjekk for siger

I jenteklassen var BIL-jentene store favorittar, alt anna enn siger ville vere eit nederlag.

– Vi var fast bestemte på at vi i år skulle vinne KM innandørs, men det er ikkje alltid like lett å leve opp til så høge mål. Det er fort gjort å få seg ein på trynet, seier trenar Magne Elde.

Etter ein nervøs start, gjorde det difor godt då resultatet allereie i første kampen gjekk i BIL-jentene sin favør. Utanom i kampen mot Sogndal, var BIL-jentene klart best i samtlege kampar. Først i finalen mot Førde 2 slapp BIL inn det første og einaste målet. Bremanger vann kampen 3-1, Ann Katrin Grotle signerte alle tre måla.

Ofra alt for å vinne

Finalen mot Kaupanger 1 i juniorklassen var ei nervepirrande påkjenning både for spelarane på bana og støttespelarane på sidelinja.

– Eg trudde aldri på førehand at vi skulle vinne denne kampen, då vi veit kor sterke Kaupanger er. Spelemessig var det heller ikkje vår beste kamp, men jentene la ned ein vanvittig innsats, fortel Magne Elde, som er både stolt og imponert over laget sitt, som ofrar alt for å vinne kvar einaste kamp.

Då sluttsignalet gjekk, kunne jublande BIL-jenter storme bana med 2-1 leiing, og feire sin andre KM-tittel på ei og same helg. Lise Igland Senneset scora begge vinnarmåla.

Artikkeltags