Sigeren delte han med ein Fana-ryttar.
- Det var heilt i orden. For vi hjelpte kvarandre inn til siger dei siste to mila, seier Johansen.
Skjærgårdsrittet er 65km langt. Det startar i Bergen sentrum og går ut til Hellesøy.
I brot
Syklisten frå Flora Cykleklubb var med fire mann i eit brot tidleg. Desse klarte å halde stand til hovudfeltet i vel ein time før dei vart innhenta. Ikkje lenge etter klarte Johansen å stikke av garde igjen i lag med ein Fana-ryttar. Desse låg i eit par mil berre 15-20 sekund føre hovudfeltet, men klarte å halde stand. I mål skilde det berre 12 sekund.
- Det var ganske heftig og tidenes adrenalinkick. Noko slikt skal eigentleg ikkje gå, men samarbeidet fungerte fantastisk godt, seier han.
Veksla
Dei to ryttarane veksla kontinuerleg på å halde farten oppe, og skifte kvart 15.-20. sekund på å dra.
- Det var artig. Rett og slett, seier Johansen.
I same rittet var det fleire stygge velt, og det er desse ulykkene som har fått mest merksemd av bergensavisene. Med alle mosjonistane var det kring 600 deltakarar med på Skjærgårdsrittet.