Vann kappløp mot bukken


BUKKERITTET: I beste Peer Gynt-stil sette jaktdebutant Gjert-Andre T. Solheim etter storbukken ned brattlia i Storebotn. Springmarsjen blei belønna med storfangst.

BUKKERITTET: I beste Peer Gynt-stil sette jaktdebutant Gjert-Andre T. Solheim etter storbukken ned brattlia i Storebotn. Springmarsjen blei belønna med storfangst. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Det nyttar ikkje å springe om kapp mot ein hjort, vil erfarne hjortejegerar skrive under på. Men det var før hjorten møtte Gjert-Andre.

DEL

16 år gamle Gjert-Andre Tytingvåg Solheim sat sist søndag på post under jakt i Storebotn, den første sesongen der han sjølv har lov å bære våpen under opplæringsjakt.

Etter ei stund kom ein bukk mot posten til den unge jegeren. Men bukken ville ikkje det Gjert-Andre ville. Den bråsnudde og sette ned lia igjen.

Då heiv jegeren seg på beina og la i veg etter det raskaste han kunne.

Etter ein springmarsj på nesten 200 meter i temmeleg ulendt terreng, hadde hjorten stogga opp, og den unge jegeren fekk sjansen sin.

Dyret datt som det skulle, og det mangla ikkje på ros og skryt frå veteranane i laget.

Artikkeltags