Finteljing tok ifrå Ap eit mandat. SV er inne med to.

FÅR SELSKAP: Finteljinga i Kinn kommune har gitt Marie Øverås Jensen selskap i bystyret. SV er no inne med to mandat.

FÅR SELSKAP: Finteljinga i Kinn kommune har gitt Marie Øverås Jensen selskap i bystyret. SV er no inne med to mandat. Foto:

VAL2019: Klokka 17.00 blei personstemmene i årets kommuneval offentleggjort. Det er dermed mogleg å seie kven som får plass i bystyret dei neste fire åra. Samtidig blei valresultatet justert slik at Ap mista eit mandat. Det går til SV.

DEL

Som Firdaposten har forklart i detalj tidlegare er det ved kommuneval mogleg å krysse av på kandidatar, og å føre opp slengarar frå andre parti på vallista di før du får stempel på den, og legg den i stemmeurna. Personstemmene tek litt lenger tid å telje opp enn dei vanlege stemmene, dei er difor som regel ikkje klare før eit stykke utpå dagen, dagen etter valet.

I år blei personstemmene offentleggjort klokka 17.00. Finteljinga viser at Ap si gruppe i bystyret er redusert med ein kandidat. Dei har nå ti representantar.

SV har no to mandat inne.

Vi har framleis ikkje sett tala på personstemmene. Dei namna som står her er basert på listene til partia, og det er ikkje usannsynleg at det vil bli endringar basert på kven folk har kryssa av eller ført opp som slengarar. Vi vil oppdatere denne saka fortløpande, så fort vi får beskjed om endringar.

OPPDATERT: Listene skal no vere oppdatert og riktige. Med alle moglege atterhald om skrive- og tellefeil. Dei 39 som får plass i bystyret dei kommande fire åra er følgande:

Arbeidarpartiet er det største partiet. Dei kjem inn med følgande ti:

  • Ola Teigen – Florø
  • Silje Ødegård Standal – Eikefjord

  • Tove Lill Refvik Volle – Raudeberg
  • Ronny Cassels – Florø

  • Leif Magne Gil – Holvik
  • Lars Terje Standal – Eikefjord

  • Anders Ole Sunnarvik – Eikefjord

  • Bente Nygård – Florø

  • Kim Gunnar Jensen – Florø
  • Petter Karl Refsnes – Florø

Senterpartiet var størst etter førehandsstemmene, men falt i oppslutning etter som stemmene frå Florø og Eikefjorden kom inn. Dei gjer likevel eit brakval, og kjem inn med åtte kandidatar til dette bystyret. Det sensasjonelle her er at Jan Arve Midtbø får så mange personstemmer at han rykker opp på førsteplass på lista. Også Tom Andre Vedvik Hopland og Asgeir Olav Solheim får kryss nok til at dei klatrar inn i bystyret.

  • Jan Arve Midtbø – Norddalsfjord
  • Sidsel Kongsvik – Raudeberg
  • Fredrik Egeberg – Måløy
  • Torgunn Elisabeth Eikevik – Stavøy
  • Randi Hagevik Aare – Deknepollen
  • Jon Valur Olafsson – Store Høydal
  • Tom Andre Vedvik Hopland – Holvik
  • Asgeir Olav Solheim – Deknepollen

Høgre kjem inn med seks kandidatar. Det gjer at dei er det tredje største partiet i Kinn kommunestyre. Her tek Kristian Skibenes den sjette plassen, hårfint føre tidlegare ordførar Bengt Solheim Olsen. Dei seks som kjem inn frå Høgre er følgande:

  • Morten Hagen – Måløy
  • Anett Berg – Måløy

  • Vidar Grønnevik – Florø
  • Arlene Vågene – Florø
  • Hanne Husebø Kristensen – Florø

  • Kristian Skibenes – Måløy

Venstre enda på 10,1 prosent, og fire kandidatar i bystyret. Her har veljarane vore ivrige med pennen og sikra to erfarne Florø-politikarar plass i bystyret på kostnad av Vivian Nordstrand og Mona Alvestad. Etter at personstemmene er talt opp er dette gruppa som skal kjempe for Venstre sine saker i den neste perioden:

  • Jacob Nødseth – Florø
  • Edvard Iversen – Raudeberg
  • Jan Henrik Nygård – Florø
  • Hilmar Eliasson – Florø

Raudt gjer eit brakval og er i praksis like store som Venstre. Rettingar på lista til Raudt gjer at Hege Cathrine Brandsøy, som sto på fjerde plass på lista, rykker ned på ein niande plass. Det gjer at dei fire Raudt-politikarane som kan innstille seg på lange og mange politiske møter dei neste fire åra er som følger:

  • Geir Oldeide – Måløy
  • Daniel Henriksson – Måløy
  • Marie Kronen Tveranger – Florø

  • Sunniva Audardottir Oldeide – Måløy

Valet blei nok ikkje like grønt som Odd Bovim hadde håpa, men dei kjem inn med to representantar i Kinn sitt bystyre. Geir Arne Solheim fekk mange personstemmer og blei løfta opp til tredje plass, men det var ikkje godt nok til plass i bystyret. Det blir dei to her som skal kjempe for eit grønt Kinn i framtida:

  • Odd Bovim – Florø
  • Kine Nygård – Florø

Framstegspartiet får også inn to representantar i bystyret:

  • Frank Willy Djuvik – Florø
  • Miriam Nesje – Florø

På landsbasis gjekk det bra for SV. I Kinn fekk dei 3,9 prosent av stemmene. Det er nok til å få inn to representantar.

  • Marie Øverås Jensen – Florø
  • Ingunn Frøyen – Måløy

Det siste partiet som kjem inn med ein representant er KrF. Dei er hårfint mindre enn SV med 3.4 prosent, og får då også ein representant inn i bystyret.

  • Gustav Johan Nydal


Artikkeltags