Bil hamna på taket ved Raudeberg

Ulukke på Riksveg 15 natt til laurdag.

DEL

Klokka 00.39 fekk politiet melding om ei bilulukke på Riksveg 15 ved Raudeberg.

Naudetatar rykka ut og fann ein bil som skal ha snurra rundt, for så å hamne på taket.

Det var to personar i bilen som begge kom seg greit ut. Ingen av dei blei alvorleg skadde, men den eine klaga over smerter i ein fot. Vedkomande fekk tilsyn av ambulansepersonell.

Klokka fire i natt melde politiet at ulukkesbilen blei henta av bilbergar og at dei har oppretta sak på hendinga.

Artikkeltags