Gå til sidens hovedinnhold

(V)eikefjord innfridde

Artikkelen er over 11 år gammel

EIKEFJORD: Øyane og småbygdene i Florøbassenget vore dei einaste med besøk av Veikingkonvoien. I år vart kursen sett til Eikefjord, og hamna i bøtkerbygda innfridde.

Det er 14 år sidan dei kom ut av skapet, dei som ikkje våga seg med Vikingkonvoien til Island. Dei skapa sin eigen konvoi som skulle halde seg langt unna det opne havet. «Vill, vakker og veik» var slagordet småbåtfolket tok til seg. I hopetal kasta dei loss og følgde Gavlen til admiralen Vidar Nupen i veiking.

Rimeleg

Dette har vore konvoien for dei som ikkje eig 50-fotarar ein må refinansiere huslånet for å bruke. Avgifta har følgd portoen postvesenet. I år var den på ni kroner. (For dei som har båtar over 30 fot må betale dobbelt porto). Vi møtte konvoien etter at dei hadde lagt til kai i Eikefjord. Der var det ei unison misnøye med at dei var blitt kravd inn 300 kroner i kaiavgift per båt i Stavang. I Eikefjord derimot var det gratis å legge til. Såleis scora veikinghamn-debutanten Eikefjord mange goodwill poeng.

Sol

Det var kjempestemning ved gjestebrygga der båtfolket kosa seg i sola som etterkvart gløtta fram. På land vart det servert grillmat og rapportane seier at det skal ha vore 19 grader på ettermiddagen laurdag. Noko skuffande var det likevel at så få trebåtar var å sjå i konvoien i år.