UP stogga bilist i natt, enda med beslag av førarkort

Greip inn etter mistenkeleg køyring.

DEL

I totida natt til fredag aksjonerte UP på E39 ved Førde. Ein bil blei stogga og politiet fekk mistanke om at sjåføren var ruspåverka. Dermed blei det blodprøvetaking hjå lege, førarkortet blei beslaglagt og bilisten er no meld for køyring i påverka tilstand, melder politiet på twitter.

Artikkeltags