No står politiet klare for å ta deg

Einar Vereide (til høgre) og Kåre Toreid målte farten på påsketrafikken ved Svidalsneset i Jølster kommune.

Einar Vereide (til høgre) og Kåre Toreid målte farten på påsketrafikken ved Svidalsneset i Jølster kommune. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Skal ha laseren klar gjennom heile påska.

DEL

I Palmehelga har politiet intensivert jakta på fartsfantom på vegane, med solid resultat. Politiet ovar å stå klare med laseren der du minst ventar det også resten av påska. Det kan fort bli dyrt. Det skriv Firda.

Aukar innsatsen - her står dei

– Vi har hatt mange fartsbrot denne veka, og spesielt i Palmehelga, seier UP-sjef for Vestlandet Terje Oksnes, og legg til at UP-patruljene i fylket vil stå klare med laseren i påska.

– Vi skal vere tilstades på E39, RV 15 i Nordfjord, og RV 5 og RV 55 som er ulykkesbelasta, seier Oksnes, og legg til:

– Fartskontrollar er eitt av dei viktigaste kontrolltiltaka vi har til å redusere talet på drepne og hardt skadde i trafikken.

Ifølgje Oksnes skjer dei aller fleste alvorlege ulykkene i Sogn og Fjordane i 80-sonene utanfor tettbygd strøk. Det gjer at UP vil intensivere innsatsen nettopp der. Utan at ein skal føle seg trygg for laseren i 50-60-sonene i fylket heller.

UP vil også ta grep for å få meir kontrollkraft:

– På påskeutfarten kommande onsdag, og heimfartsdagane og heilagdagane i påskehelga så aukar vi innsatsen, seier han, og legg til at tenestetida til UP-patruljene vil overlappe slik at dei får meir kontrollkraft. Ein skal heller ikkje føle seg for trygge på veg til og frå påskefjella. Der står gjerne lokale politimenn på lur.

Så lett ryk lappen

– I 60-soner og lægre må du køyre 26 km/t over fartsgrensa for å misse lappen, medan du i 70-soner og høgre soner må køyre 36 km/t over fartsgrensa for å misse lappen, seier Oksnes.

Men pass på: du får prikkar på førarkortet kvar gong du vert teken for ein overtredelse. Og då er hovudregelen er at du får registrert tre prikkar. Blir du teken for fleire høve på ein gong, får du så mange prikkar som brota gjer til saman. 

Har du hatt førarkort i klasse B i mindre enn mindre enn to år samanhengande (prøveperioden) får du registrert dobbelt mengd prikkar.

– Prikkane varer i tre år. Viss du då får den åttande prikken i denne treårsperioden, så misser du førarkortet for seks månader automatisk, seier Oksnes, og legg til at du får prikkar også om du køyrer for fort, bryt vikeplikta, køyrer i sperreområde/over gul sperreline,  held for kort avstand til bilen føre deg, i stid med trafikklys, ulovleg forbikøyring og manglande sikring av born under 15 år i bil.

Førehandsreglar

I tillegg til å sjekke vêr og føremeldingar, og å ha forsikra deg om at bilen er i god teknisk stand, meiner UP-sjefen at ein bør ta desse førehandsreglane før ein køyrer på påsketur:

– Det eine er at ein sikrar seg godt i bilen, og at ein sikrar bagasjen skikkelg. Ikkje ha lause gjenstandar på hattehylla. Skal ein køyre langt må ein vere vaken og opplagd, og ta gode pausar undervegs. Ver edru og oppmerksom, hald fartsgrensene, hald køen. Ikkje bruk handhalden mobil .

Usikker på veg og føre i Sogn og Fjordane? Det finn du her.

Slik blir påskevêret.

Så mykje må du betale

Når fartsgrensa er 60 km/t eller lægre, og du har køyrt så mykje for fort:

til og med 5 km/tkr600,-
til og med 10 km/tkr1600,-
til og med 15 km/tkr2900,-
til og med 20 km/tkr4200,-
til og med 25 km/tkr6500,-

Når fartsgrensa er 70 km/t eller høgare og du har køyrt så mykje for fort:

til og med 5 km/tkr600,-
til og med 10 km/tkr1600,-
til og med 15 km/tkr2600,-
til og med 20 km/tkr3600,-
til og med 25 km/tkr4900,-
til og med 30 km/tkr6500,-
til og med 35 km/tkr7800,-

Kjelde: Lovdata

Artikkeltags