- Eg forstår dei som ønskjer ei betre løysing og unngå vegen over Magnhildskaret. Men det vi må bestemme oss for no, er vegen mellom Svelgen og Indrehus. Det er viktig at vi ikkje stoppar opp den prosessen som dei tre kommunane er einige om, og som vi har arbeidd med i mange år. Ei utsetjing ar prosjektet vil forsinke prosessen med mange år, seier Solheim-Olsen.

I laurdagens Firdaposten stod tidlegare prosjektmedarbeidar Bjørgulf Myklebust fram og påpeikte viktigskapen av å få ein planprosess i hamn i god før NTP neste år.

- Eg er samd i Myklebust sine betraktningar. Eg meiner vi må sjå stort på at denne vegen vil bli eit bindeledd mellom Ålesund og Bergen i framtida. Vi må halde fullt fokus oppe på Svelgen- Indrehus, og så får vi komme i gang med vegen vidare frå Indrehus mot Florø så snart som råd. Der er det mange mulegheiter som kan vere gode løysingar. Ei tunnel løysing mellom Svelgen og Indrehus er det som er best, sett i ein større samanheng med å komme seg raskt frå Måløy til Florø, eller Ålesund-Bergen.