Utforkøyring i Ålfotdalen

ENDA GODT: Sjølv om det bar rakt ut av vegbana for den uheldige bilisten, kom ho ikkje til skade. Viking Stårheim kom raskt til og fekk berga bilen.

ENDA GODT: Sjølv om det bar rakt ut av vegbana for den uheldige bilisten, kom ho ikkje til skade. Viking Stårheim kom raskt til og fekk berga bilen. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Bilist mista kontrollen på glatta ved Dalsetevatnet.

DEL

Ingen kom til skade då ei kvinne mista kontrollen over bilen sin og køyrde av vegen ved Dalsetevatnet i Ålfotdalen ved 15-tida søndag.

Kvinna var på veg til jobb i Svelgen då ulukka skjedde, og det var svært glatte parti på vegstrekninga. Like ved brua i ein sving mista bilen veggrepet, og trass forsøk på å rette opp skrens og sladd, bar det ut av vegen og ned i skogen for bilisten.

Kvinna, som opprinneleg kjem frå Nederland, var svært takksam for at mange stogga for å sjå korleis det gjekk og om ein kunne bistå.

- Her møter eg ei heilt anna haldning enn i heimlandet mitt. Der køyrer folk berre vidare. At folk her bryr seg er godt å oppleve, sa kvinna til Firdaposten.

Viking Stårheim kom raskt til staden og fikk dratt bilen opp på vegen att. Det tok ikkje meir enn 45 minutter frå den uheldige bilistenringde til redningsbilen var på plass.

- Eg vil oppmode alle om å køyre forsiktig på denne vegstrekninga. Det er svært glatt og det kan fort gå gale, sa kvinna.

Artikkeltags