Nytt ingeniørstudium og kanskje nye fag

Frode Erland Grjotheim (i midten, med ryggen til vindauget) og dei 44 andre subseastudentane er stornøgde med dei nye lokala i Kvartalet.

Frode Erland Grjotheim (i midten, med ryggen til vindauget) og dei 44 andre subseastudentane er stornøgde med dei nye lokala i Kvartalet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Høgskuleavdelinga i Florø stiller sterkare i kampen om ingeniørstudentane.

DEL

9. januar flytta Høgskulen på Vestlandet si avdeling i Florø inn i heilt nye lokale midt i Florø sentrum. Dei 475 kvadratmetrane her i «studentkvartalet» inneheld tre store undervisningsrom, seks grupperom og to sosiale soner for studentane. Her i Florø sitt nye «studentkvartal» vil ingeniørstudentane få ei mykje betre ramme kring studiane sine.

– Dette er ei veldig oppgradering samanlikna med det vi hadde tidlegare, seier andreårs subseastudent og styreleiar i studentforeininga InFundo, Frode Erland Grjotheim.

Tett på kvarandre

Frode er ein av 45 subseaingeniørstudentar i Florø denne våren. Og fleire skal det bli, strekar han under. InFundo går no sjølv ut for å rekruttere fleire til det allereie ganske så samansveisa fellesskapet i Florø.

– Dette lokalet skapar ikkje berre ei mykje betre ramme kring undervisninga, men også kring det sosiale. Fordelane ved å studere her i Florø er mange: Vi er tett på kvarandre, og tett på lærarane våre. Og for oss som skal ut i yrkeslivet er det også ein fordel å vere så tett på næringslivet som vi er her, strekar Grjotheim under.

For potensielle søkarar er det også viktig å sjå at høgskulen leiger lokala for minst fem år framover, strekar han under.

– Denne langsiktigheita viser at høgskulen verkeleg ønsker å halde på studiet i Florø. Det er ein fordel i rekrutteringa av nye studentar: Ingen ønsker å byrje på ei linje som blir lagt ned

Eitt av to store sosiale soner i undervisningslokalet.

Eitt av to store sosiale soner i undervisningslokalet. Foto:

Nytt studium

Saman med InFundo er no studiekoordinator Øyvind Østrem no i full gang med rekrutteringa av nye studentar til haustsemesteret. Målet er totalt 30 nye studentar til hausten.

Nytt av året er at dei ikkje berre leitar etter subseastudentar. Frå hausten 2017 av tilbyr høgskuleavdelinga i Florø også utdanning av maskiningeniørar på bachelornivå.

Som maskiningeniør designar du produkt, utformar produksjonsutstyr og styrar produksjonsprosessar.

– Allmenn maskiningeniørstudiet er blant dei mest generelle ingeniørstudia som finst. Maskiningeniørane kan brukast til det meste. Subseastudiet er også ganske generelt, faktisk kan subseaingeniørane brukast til ganske mykje i yrkeslivet. I stor grad, fram til eit visst punkt, vil subseaingeniørane og maskiningeniørane ha den same undervisninga, før dei seinare i utdanningsløpet spesialiserer seg. Det er berre to fag som skil studia, seier Østrem.

Maskiningeniørstudiet vil vere det einaste studiet av sitt slag – eit fylke der industrien sysselset 13 prosent.

Øyvind Østrem, studiekoordinator.

– Maskiningeniørstudiet vil vere det einaste studiet av sitt slag i fylket – eit fylke der industrien sysselset 13 prosent av arbeidsstokken. Det er fire prosent over landssnittet. Maskinindustri er ein viktig del av dette, seier Østrem.

Nye fag?

Og for å få endå fleire bein å stå på, blir det jobba med å få fleire valfag i Florø. Faga det er snakk om er hydrogenteknologi, berekraftig ressursforvaltning (resirkulering og gjenbruk innan industrien), RAS-teknologi (vatn i lukka oppdrettsanlegg), forankringsteknologi, plast og kompositt og fiskebiologi for ingeniørar.

– Vi har no sett i gang eit arbeid for å sjå om dette let seg gjere. Her må vi mellom anna sondere om næringslivet er med på laget. Dette arbeidet

reknar eg med vi bruker det første halvåret av 2017 på. Om vi finn ut at dette er ein god idé, vil vi tilby dette i Florø frå 2018, seier Instituttleiar Nils Ottar Antonsen ved Høgskulen på Vestlandet og legg til:

– Dette vil i så fall bli ganske unikt og framtidsretta. På denne måten kan ingeniørstudentane fordjupe seg i noko det blir meir og meir av, nemleg havteknologi. Dette inneber olje og gass, hydrogen, oppdrett, marine fag og energi til havs. Her er det mange moglegheiter. Men vi har enno ikkje fatta eit vedtak om at desse faga kjem, seier han.

Artikkeltags