Simon Malkenes risikerer å misse jobben

Simon Malkenes

Simon Malkenes Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

OSLO: Ifølge Klassekampen har Ulsrud videregående skole i Oslo opna sak mot eine læraren deira, Simon Malkenes frå Florø.

DEL

Det etter at Malkenes deltok i ein debatt om fritt skuleval på Dagsnytt 18 attende til 5. mars.

Ifølge Klassekampen argumenterte Malkenes for at fritt skuleval berre fører til at mange elevar med utfordringar går på nokre få skular. Han meinte dette har påverka elevane og læringsmiljøet negativt og illustrerte poenget med eit anonymisert referat frå ein av sine egne norsktimer:

«Vi er i gang her. R kom sju minutter for sent. B kom 08.30. K er borte. P har ikke bok. M har ikke bok. S kaller R for tulling og jævla inder. B lager prompelyd. B og R diskuterer om B skal jobbe. S roper at han har jobbet, og at han nå skal begynne. Nå må jeg avslutte timen.»

Dette var bakgrunnen til at skulen for ein månad sidan har oppretta sak mot Malkenes, der han risikerer å miste jobben. Spørsmålet skulen skal ta omsyn til er om Malkenes sin opptreden er i strid med Opplæringslova §9A-5. Det vil seie mistanke om krenking, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering av elevar. Over ein månad etter har skulen ikkje konkludert.

21 av lærarane ved skulen Malkenes jobbar på, har i eit felles innlegg til Aftenposten teke skarpt avstand frå at innlegget skal ha vore eit angrep på elevane.

Artikkeltags