Vanessa har valt eit utradisjonelt yrke- det ser ho gjerne at fleire jenter gjer

SFE kan nytte VR-brillerk opla opp mot drone med kamera når dei skal synfare linjenettet. Trainee Vanessa Eide frå SFE domonstrerer korleis teknologien fungerer.

SFE kan nytte VR-brillerk opla opp mot drone med kamera når dei skal synfare linjenettet. Trainee Vanessa Eide frå SFE domonstrerer korleis teknologien fungerer. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein gong i året blir 9.klassingane i Flora delte inn etter kjønn for å få tips om utradisjonelle yrkesval.

DEL

-Jøss, så spennande! Her var det mange yrke å velje blant, seier Miriam Eikefjord, elev ved Eikefjord ungdomsskule.

Mange moglegheiter

Torsdag i denne veka møtte ho og alle dei andre 9.-klassejentene i Flora 15 unge kvinner som fortalde om sin arbeidsdag i eit teknologisk eller realfagretta yrke. Arrangementet er eit ledd i rekruttering til tekniske yrke, og det er fjerde gong Flora kommune, GCE Subsea og Maritim Forening Sogn og Fjordane arrangerer slik realfagdag.

– For oss er det viktig å syte for god rekruttering til næringslivet. Vi ventar auka aktivitet i dei havbaserte næringane og veit at dei mange bedriftene i regionen vil ha stort behov for lokal arbeidskraft i framtida, seier Kristin Svardal i Maritim Forening Sogn og Fjordane og Trond Strømgren i GCE Subsea.

Hamnesjef Linda M. Midtbø fortalde om ein interessant jobbkvardag med varierte arbeidsoppgåver.

Hamnesjef Linda M. Midtbø fortalde om ein interessant jobbkvardag med varierte arbeidsoppgåver. Foto:

Dei femten unge kvinnene som fronta sine yrke representerte stor spennvidd; alt frå kranførar, bioingeniør og elektrikar til boredekksarbeidar, hamnesjef og fiskehelsesjef.

Det er slett ikkje lett å vite kva yrke ein skal velje når ein går i 9. klasse.

– Difor er det inspirerande å møte nokon som arbeider i så mange ulike yrke. Mange av dei visste eg ikkje om før eg kom hit i dag, seier Miriam.

Mykje av det same opplevde også Helle Storøien frå Flora ungdomsskule.

– Eg synst alle yrka verka spennande, men er usikker på kva utdanning eg skal velje. Eg fekk likevel eit betre grunnlag for å velje etter dagen i dag, seier ho.

Flora kommune har vore ein av regjeringa sine utvalde realfagskommunar sidan 2015. Ei av målsettingane er å styrke rekrutteringa og kjønnsbalansen i tekniske og realfaglege yrke.

– Vi veit at når elevane ser kor nyttig og relevant realfag er, presterer dei også betre i til dømes matematikk, seier Tone Aasrud, oppvekstfagleg rådgjevar i Flora kommune.

Jenter og gutar kvar for seg


Gutane i 9. klasse hadde eit tlsvarande program på Flora ungdomsskule. Der stilte dei ulike sektorane i Flora kommune opp med sine unge menn som har valt ulike andre yrke, mellom anna lærar med fokus på naturfag og matematikk, ergo- og fysioterapeut, førskulepedagog, helsefagarbeidar og sjukepleiar. Gutane fekk også innsikt i framtidsretta velferdsteknologi.

Fysikklærar Elina Andrianopoulos frå Flora vidaregåande baud på mange spennande fysikkeksperiment.

Fysikklærar Elina Andrianopoulos frå Flora vidaregåande baud på mange spennande fysikkeksperiment. Foto:

Ei bedrift somverkeleg har rekruttert unge kvinner er Westcon Yards i Florø. I løpet av dei siste to åra har bedrifta tilsett fire nyutdanna kvinnelege ingeniørar.

– Eg er veldig godt nøgd med arbeidet dei gjer, og dei er med og skapar eit godt arbeidsmiljø, seiar Mikael Johansen, plassjef for Westcon Yards.

Han oppmodar fleire jenter til å satse på tekniske yrke og trur det vil bli auka behov for slik type arbeidskraft i framtida.

Funn frå NHO sitt kompetansebarometer

5 av 10 NHO-bedrifter oppgir i 2018 at dei i stor eller nokon grad vil ha behov for ingeniørar og teknologar. 21 prosent seier i stor grad, og behovet er aukande.

Det er størst behov for elektro-, bygg- og maskiningeniørar.

6 av 10 bedrifter har behov for folk med yrkesfagleg vidaregåande opplæring. 5 av 10 har behov for fagskuleutdanna.

Teknikk og industriell produksjon, bygg og anlegg og elektrofag er dei yrkesfaglege utdanningane det er størst behov for dei neste fem åra.

NHO-rapporten viser også at mange av dagens tradisjonelle kvinneyrke framleis vil vere der i framtida, men det er verre for dei tradisjonelle mannsyrka. Det hastar altså for unge menn å orientere seg breiare, og teknologi og digitalisering er uansett kloke utdanningsval.

Artikkeltags