Forsmak på kommunesamanslåinga

43 ivrige leiarar frå Flora og Vågsøy på skulebenken.

43 ivrige leiarar frå Flora og Vågsøy på skulebenken. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Denne veka starta 43 leiarar frå Flora og Vågsøy på eit høgskulestudie saman. No får dei kjenne på korleis ei kommunesamanslåing kan fungere i praksis.

DEL

– Vi hadde tenkt å bytte på å ha samlingane i Florø og i Vågsøy, men det lét seg rett og slett ikkje gjere, seier kommunalsjef Norunn Stavø. Båtrutene er ikkje gode nok.

Saman med 42 andre leiarar og mellomleiarar i helse og omsorgssektoren sette ho seg denne veka på skulebenken for å auke kompetansen. Det er 33 stykk frå Flora, og ti stykk som har teke turen frå Vågsøy. På Flora Samfunnshus. No skal dei sanke studiepoeng, og bli betre leiarar i prosessen. Det første emnet dei skal gjennom er jus for leiarar i helse og omsorgstenesta. Seinare skal dei lære om kvalitetsleiing i helse og omsorgstenesta, leiing av innovasjon og velferdsteknologi i helse og omsorgstenesta, og dei har eit emne om korleis ein handterer konfliktar og kriser frå eit leiingsperspektiv. Det siste kan kanskje komme godt med når helse og omsorgstenesta i Flora og Vågsøy skal slåast saman til ein teneste.

– Det er klart det blir ein krevjande prosess. Tenk berre på alle systema som må samkøyrast. Dataprogramma. Det er jo ikkje slik at vi kan seie til Vågsøy at dei må ta i bruk våre system sida vi er størst. Sjølv om det kunne vere freistande, ler Stavø.

– Det er kanskje litt tidleg å seie, men har du merka nokre skilnad på korleis Flora og Vågsøy jobbar? Er det merkbare kulturskilnadar mellom dykk?

– Vi er opptatt av mykje av dei same tinga, men det er nok skilnadar i måten vi jobbar på. Det er fleire vegar til same mål.

Studiet går over to år, og det er Høgskulen i Hedmark, avdeling for økonomi og ledelsesfag, som har det faglege ansvaret.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken