Gå til sidens hovedinnhold

- Eg håpar eg har ei framtid i Felleskjøpet

Artikkelen er over 4 år gammel

Under Bedre Landbruk-messa på Lillestrøm vart årets lærling hjå Felleskjøpet kåra for fjerde år på rad. Vinnaren i år vart Marius Holvik frå Florø.  I grunngjevinga heiter det blant anna at Marius er fagleg sterk, og syner god utvikling og framdrift.

Marius er lærling innan industrimekanikarfaget og er kåra til Årets lærling av ein jury med representantar frå alle forretningsområde og i innstillingane skal det vektleggjast meir enn berre kunnskap og utvikling.

Initiativrik


– Marius gjer det han skal og gjer det på ein veldig god måte, seier hans næraste leiar, Jarle Book, som er vedlikehaldsformann ved fabrikkanlegget i Florø.

Vidare heiter det i grunngjevinga at Marius i tillegg tek mykje initiativ til eiga læring, han arbeider sjølvstendig, og er flink til å følgje med på meir erfarne arbeidskollegaer. 
 

– Eg vil særskilt trekkje fram at Marius har eit sterkt HMS-fokus i arbeidet sitt. Han følgjer rutinane, arbeider nøyaktig og legg vekt på kvalitet, forklarar Book.

Stiller opp og står på
 

Og det vankar meir skryt om 19-åringen om jobben han gjer. Ord som pliktoppfyllande og samvitsfull blir nytta av kollegaene. Om det er behov for ekstra innsats på kveldar eller i helger, stiller Marius alltid opp, og kanskje vel så viktig: Han bidreg til eit godt arbeidsmiljø på fabrikken. 
 

Under prisutdelinga kom prisvinnaren med med ros tilbake.

- Eg trivest godt i jobben min. Og eg håpar eg kan ha ei framtid i Felleskjøpet, seier 19-åringen.

Felleskjøpet har i dag lærlingar innanfor følgande fagområde, som landbruksmekanikk, industrimekanikk, produksjon og sal og service. Konsernet har ligge stabilt i antal lærlingar siste åra, og har per i dag litt over 40 lærlingar fordelt over heile landet. 2016 blei også eit godt år i likestillinga sitt teikn. For første gong har konsernet lærlingar frå begge kjønn i samtlege forretningsområde.

 

Kommentarer til denne saken