Gå til sidens hovedinnhold

Utan internett i vekesvis

Artikkelen er over 7 år gammel

Internett-samband er ein sjølvfølgje for folk flest. Slik er det ikkje for Direct Connect-kundane ved Hatlesetnipa.

Problema begynte for nokon veker sidan då det var lynnedslag i sendaren på Hatleset-nipa i Eikefjord.

- Først var vi heilt utan breiband ei par veker. Så blei det gjort noko slik at vi fekk signal igjen. Sidan har det virka så vidt nokon dagar og vore ute av drift andre dagar. Uansett er kapasiteten så dårleg at det ikkje kan brukast til noko som helst. Det går til dømes ikkje an å få gjort nettbank-tenester, fortel Knut Hatleset.

Firdaposten kontakta Direct Connect si kundeteneste og fekk der opplyst om at dei kunne måle at alt var i orden med sendaren på Hatlesetnipa. Derimot kunne det hende at kundane hadde problem med utstyret heime hos seg sjølve og at kunden då måtte ta kontakt direkte for å få hjelp.

Dette bildet kjenner Knut Hatleset seg ikkje att i. Dei har kontakta Direct Connect fleire gonger utan at dei har fått opp ei stabil internett-teneste med normal kapasitet.

Direct Connect er eit selskap som tilbyr sine tenester til område som elles har vanskeleg for å få skikkeleg breiband. Husstandane på Hatleset i Eikefjord er mellom desse og dei er alle Direct Connect-kundar.

5G er 5,5 Ghz radioteknologi, som blir brukt til raskt, trådlaust breiband. En utvendig mottakar tar i mot signal frå næraste sendar. Frå denne er det kabla inn til eit innandørs breibandsuttak. Her kan ein koble til trådlaus router, pc, ip-telefon og meir. Direct Connect har over 1000 sendarstasjonar fordelt på 135 kommunar i Norge.

Kommentarer til denne saken