Gå til sidens hovedinnhold

– Urealistiske forventningar

Artikkelen er over 14 år gammel

LEIKANGER: Fylkeslege Petter Øgar meiner at folk har alt for høge forventningar til helsevesenet.

Fylkeslegen skriv om dette på fylkeskommunen si heimeside. Han viser til at sjukdom, liding og død er ein del av livet, men når vi sjølv vert sjuke, ventar vi ofte meir av helsetenesta enn det som er medisinsk mogleg. Er det rart vi er misnøgde? spør han.

Fylkeslegen trur at vi har ei av dei beste helestenestene i verda. Likevel vert det i media teikna eit heilt anna bilete av helsetenesta. Ofte blir det meldt om ei teneste der tilbod vert bygd ned, der feil er vanlege og mange pasientgrupper ikkje får det tilbodet dei burde ha.

Kvalitetsoppleving handlar om tilhøvet mellom kva vi forventar og kva vi faktisk får.

– Slik sett er det lett å forstå den negative kvalitetsopplevinga av helsetenesta. Mange meiner at større løyvingar til helsetenesta er svaret. Meir pengar vil hjelpe, men berre ei lita stund, trur fylkeslege Petter Øgar.

Han peikar på to problematiske sider ved å auke ressursane til helsetenesta vesentleg utover nivået i dag. Det eine er at meir ressursar til helsetenesta vil gå ut over andre samfunnssektorar, samfunnssektorar som kanskje bidreg vel så mykje til folkehelsa som helsetenesta. Det andre er kor mye pengar vi på anstendig vis kan bruke på eigne helsetenester, medan folk i mange andre land ikkje har tilgang til dei mest grunnleggande helsetenester.