Ina (17) kjem ikkje til å skulke for klimaet: – Vi må gjere meir enn å stå på torget og rope!

ENGASJERT: Ina Martine Brendø (17) i Flora Unge Høgre meiner miljøstreik blatn unge ikkje er rette verkemiddelet å bruke for å ta fatt i klimaproblema.

ENGASJERT: Ina Martine Brendø (17) i Flora Unge Høgre meiner miljøstreik blatn unge ikkje er rette verkemiddelet å bruke for å ta fatt i klimaproblema. Foto:

FLORØ: Ina Martine Brendø i Unge Høgre er kritisk til aksjonsforma.

DEL

No på fredag skal ungdom over heile landet streike for klimaet, som del av den internasjonale Skip School-kampanjen. Men Ina Martine Brendø (17) frå Florø er ikkje blant dei som kjem til å skulke skulen for å vere med. Som medelevane hennar på Flora vidaregåande skule, er ho oppteken av den dårlege stoda til klimaet. Men ho meiner ein må bruke heilt andre verkemiddel enn å streike:

– Ungdomsengasjement er noko av det flottaste som finst, men vi må gjere meir enn å skulke skulen for å stå på torget og rope.

Utsette UB-møtet

Ina er nestleiar i Ungdommens bystyre (UB) der ho representerer Unge Høgre. Ho er difor spesielt kritisk til at fredagens møte i Ungdommens bystyre blei utsett, slik at ungdomsrepresentantane kan delta i streiken.

– Det synest eg er merkeleg at dei gjer. Ungdommens bystyre er det einaste forumet her i Flora der vi verkeleg kan setje miljøsaka på dagsorden. Og det er gjennom UB at vi kan få gjennomslag for sakene vi brenn for, seier Brendø og strekar under at det ikkje er slik at ungdom ikkje blir høyrt i klimaspørsmål:

– Premissane blir feil: Det er ikkje slik at vaksne politikarar ikkje høyrer på unge, seier ho og viser til høgrelandsmøtet som var i helga. Der fekk Unge Høgre gjennomslag for mange av sakene sine. Mellom anna vart det vedteke å forlenge elbilfordelane til minst 2021, og at det framleis «må vere eigne insentiv for å velje elbil fram til eit nytt berekraftig avgiftssystem for bil er på plass». Dei skal også jobbe for at hamnene skal vere utsleppsfrie innan 2013. Høgre skal også vurdere fleire tiltak som hindrar unødvendig bruk av plastemballasje.

Stenger ikkje krana

Høgre skal også jobbe for at det første utsleppsfrie flyet kjem på vengene i 2025, og at heile flyflåten skal vere utsleppsfri i 2040.

– Dessutan fekk vi gjennomslag for at Høgre skal legge til rette for meir forsking på framtidige energiløysingar som til dømes bølgekraft. Og no sit vi i regjering, så det er faktisk mogleg å få gjennomført desse verkemidla, legg Brendø til.

Når det gjeld verkemiddel for å få bukt med klimaproblemet, meiner Unge Høgre-representanten at det å stenge oljekrana på norsk sokkel ikkje er vegen å gå.

– Som slagordet vårt seier, så må vi stoppe utsleppa – ikkje utviklinga: Vi må få bukt med problemet på ein måte som er berekraftig for økonomien i landet. Det å skru att oljekrana i dag er ikkje løysinga, strekar Brendø under.

Artikkeltags