Ungdomskultur på sitt beste

Artikkelen er over 12 år gammel

BREMANGER: Åtte sceneinnslag og ti måleri var med i tevlinga i Bremangerhallen laurdag, og juryen hadde ei vanskeleg oppgåve i å velje ut kven som skulle få billett vidare til fylkesmønstringa.

DEL

– Aldri før har det vore så mykje folk på ei kulturmønstring i Bremanger, og aldri før har rammene rundt kulturmønstringa vore så gode som i år, hevda kulturkonsulent Margun Indrehus, då ho litt etter skjema hadde æra av å opne den kommunale kulturmønstringa i den nye storstova i ytre.

Ho var stolt over å kunne vise fram unge talent frå bygdene i kommunen. Ho drog fram kulturskulen som ein viktig bidragsytar i utviklinga av ungdomskulturen, og peika på kor viktig det er å legge tilhøva til rette, slik at barn og unge får høve til å realisere seg sjølve, og vise kva dei er gode for.

Mange talent

Deretter var det konferansier Grethe Berntsen sin tur, og i tur og orden presenterte ho deltakarane, både dei på scena, og dei som deltok på utstillinga. Frå scena fekk publikum servert song og musikk i ulike sjangrar, alt frå klassisk gitarspel, vare balladar og musikalframføringar, til pop og hard rock. Med andre ord litt for einkvar smak. Utstillinga talde ti måleri, av to unge, talentfulle kunstnarar.

Vanskeleg jobb

Juryen, som var samansett av May-Britt Bratseth, Jeanett Kristiansen Grotle og Helge Førde, hadde inga lett oppgåve med å velje ut kven som skulle få reise vidare til fylkesmønstringa i Førde i midten av mars. Dei brukte lang tid, men etter ein grundig gjennomgang kom dei fram til følgjande: Biletkunstnarane Anastasija Matvijenko (15) frå Svelgen og Stine Skaar (18) frå Rugsund gjekk vidare med kvar sine to måleri. Dernest er rockgruppa «Røsihold» frå Bremanger, rockgruppa «Art of Music» frå Svelgen, Ingvild Igland Kvamme (15) frå Bremanger, poptrioen «Freeze» frå Leirgulen og pop/rockgruppa «Månebær» klare for Førde-scena.

God gjennomføring

Ungdommens kulturmønstring i Bremanger var i år eit samarbeid mellom kommunen, kulturskulen og Bremanger skulemusikk. Norvall Klungresæter hadde det tekniske ansvaret, og skal ha ros for god gjennomføring. Sissel Klungreset og medhjelparane hennar frå skulemusikken stod for matserveringa, og hadde si fulle hyre med å traktere dei rundt 250 tilhøyrarane i salen.

Uttale frå juryen

Scene:

Røsihold – «Cocaine» (J.J. Cale)

Tøff versjon av ein klassisk låt, veldig bra å setje sitt særpreg på ein slik låt. God gitarsolo. Fin og god driv og rytme. Fin vokal og god stemme, men vokalen vart litt svak lydmessig i forhold til resten av lydbiletet på scena.

Art of Music – «Symphony of destruction» (Megadeth)

Godt samspel og stødig komp trass i kort historie, ein sjanger det trengst mykje trening i for å klare å lage god musikk av. Dette har dei klart på kort tid. Må jobbe med å halde driven gjennom heile stykket. Flott gitarsolo. Vokal som passar godt til sjangeren, men vokalisten må passe på stemma si.

Ingvild Igland Kvamme – «On my own» (Les Miserables)

Verkar trygg og sikker på scena. Fin dynamikk i stemma, stort spekter. Godt pianospel. Godt val av song i forhold til stemme og eigen stil.

Freeze – «Be mine» (Gry Nagel, Veronica Elde og Marte Jørgensen)

Sjølvkomponert er bra. Fin låt, litt enkel, men stilfull. Bass og akustisk gitar var ein god kombinasjon.

Månebær – «Manic Monday» (Prince)

Tøff image, flott med originalitet og kostyme på scena, dette må dei halde fram med. Veldig bra med rørsle på scena, Ida, kanskje resten av gruppa kan følgje opp litt av dette i den grad det går med instrument. Utstråling. Kjempeflott vokal, intonasjon og bruk av stemma. Val av song passar bra til stemma, bør vurdere om det er mogeleg å ta med kor på refrenga. Godt samspel.

Utstilling:

Anastasija Matvijenko – «Adorable girl» (Måleri – digital)

Spennande og ny måte å lage kunst på. Lyssettinga i biletet verkar fengande. Vi rår til å ta på ei mørk ramme, det vil gje meir effekt.

Anastasija Matvijenko – «Wounded soul» (Måleri – watercolour)

Uttrykket i biletet og hos personen i biletet reflekterer godt tittelen i biletet.

Stine Skaar – «Forelska» (Måleri – akryl)

God tanke bak gjennomføringa av biletet, som er det første i ein serie. Flott fargebruk, fine detaljar. Vi gler oss til å sjå heile prosjektet når det er ferdig.

Stine Skaar – «Johnny Cash – the man in black» (Måleri – akryl)

Appellerer veldig til folk. Eit godt portrett. Truverdig og ekte presentasjon av ein kjend person.

Artikkeltags