Mange unge har ein travel kvardag. Peter Hollevik er ein av dei som kanskje får tid til mest i løpet av ei veke. Firda Ung tok ein prat med 16-åringen frå Florø.

Allereie i 8. klasse begynte Peter i Ungdommens bystyre. Han fekk sin første jobb som 12-åring: han sorterte poteter. Og Peter likar å jobbe. I ein alder av 16 år har han vore Unge Høgre-leiar i fylket, vore MOT-ambassadør på skulen og elevrådsleiar i 10. klasse. No går han i førsteklasse på studiespesialiserande på Flora vgs. og jobbar på G-Sport ved sida av skulen. Spørsmålet er korleis han får tid til alt?

– Eg har ein veldig hektisk kvardag. Etter skulen må eg få gjort lekser. Og i den siste fritida eg har der snik eg gjerne inn å vere med venner, eller jobb.

Skulen er nummer ein

Han er også veldig glad i å trene, og prøver å spele tennis så ofte som han kan. Kvar ledige stund fyller han opp.

– Eit anna mål eg har er å lese ei bok annakvar veke, dette hjelper til for å slappe av.

Skule er likevel det viktigaste.

Eit anna mål eg har er å lese ei bok annakvar veke, dette hjelper til for å slappe av.

Peter Grinde Hollevik

 

– Eg har alltid tid til lekser og skule. Det er nummer éin på prioritetslista, spesielt fordi eg har lyst å komme inn på skule i utlandet og gode universitet seinare.

– Gjer ditt beste. Alltid.

Peter fortel at det å gjere noko produktivt på fritida er givande og lærerikt, samtidig som det skaper relasjonar og kontaktar som han vil bruke i framtida. Det mest krevjande er å leve opp til forventingane dei vaksne har til ungdom i dag, og å skape balanse mellom jobb, skule, trening og venner.

– Mitt tips til andre ungdommar er å alltid jobbe hardt og prestere det beste ein har ork til. Alltid. Ikkje få som vane å ligge på latsida, det lønner seg aldri i lengda. Skal ein oppnå noko i ein konkurransefylt kvardag, må ein kunne prestere 110 prosent på skulen, jobb, samfunn og vener, seier Peter.

Han har engasjert seg i Unge Høgre. Då han blei med i partiet, blei han også meir opptatt av media.

– Eg synest det er viktig at unge bidreg politisk tidleg. Då kan ein vere med å forme byen. Og det er viktig, for vi unge er jo byen si framtid.

Trass sitt unge engasjement vil ikkje Peter nødvendigvis bli politikar eller drive med politikk når han blir vaksen. Han veit enno ikkje kva han vil bli.

– Eg vil i alle fall studere i utlandet og lære eit nytt språk.

Det håpar han å få til allereie neste år.

– Eg trur det er det kjekkaste eg har i kikkerten foreløpig.