Gå til sidens hovedinnhold

Ung turglede i Svelgen

Artikkelen er over 11 år gammel

Søndag arrangerte Barnas Turlag i Svelgen vårens første tur.

Med stort og smått var det til saman 81 turglade born og vaksne med til Kruna som ligg ved inngangen til Risevatnet.

Leiar Inger Lise Langedal var gledeleg overraska over at så mange hadde funne vegen til Risevatnet.

- Eg trur det er litt «in» å gå i fjellet no. Barnehagane er også veldig flinke til å ta borna med på tur.

Eg trur det er eit lite generasjonsskifte på gang, for dei yngste er meir interessert i å vere med no enn før, seier Inger Lise Langedal.

– Det blir ein tur til før sommaren. Det er ikkje heilt planlagt kor neste tur går, men det er berre å følgje med på Svelgen.no, seier ho.