UNE: - Har realitetshandsama UDI sitt vedtak

Artikkelen er over 10 år gammel

Avdelingsdirektør Jon Arne Jensen i UNE forsikrar om at dei i realiteten har handsama siste klagen i Simon-saka grundig.

DEL

Som venta fekk klagesaka i UNE – Utlendingsnemnda, nøyaktig same handtering som førre gong – blankt avslag.

Avdelingsdirektør Jon Arne Jensen i UNE forsikrar om at dei har gått nøye gjennom saka på nytt, men ikkje funne grunn til å omgjere utvisningsvedtaket.

I ei såkalla Dublin-sak som denne, vurderer ikkje UNE grunnlaget for søknad om asyl ut frå kor vanskelege tilhøve søkjaren har i heimlandet, men kor vidt UDI har gjort eit rett vedtak i forhold til om Italia er det rette landet som skal vurdere asylsøknaden.

– Har påstanden frå frilansjournalist Christian Skaug i Bari om at Simon og Fkadu ikkje sov i parken hatt ei betydning for saka?

– Nei, den påstanden er ny for meg, seier Jensen.

Elles viser Jon Arne Jensen til at dei har strenge reglar for kva dei kan seie og ikkje til media. Generelt vil han sei at UNE og UDI har tilgang på mykje informasjon som aldri kjem fram i media. I nokre tilfelle kan det endre bildet av sakene betydeleg.

Artikkeltags