20 prosent av dei som bur i Sogn og Fjordane har teke imot ein "sjølvi" som nokon har teke medan dei køyrer bil, viser ei undersøking frå Gjensidige. Selskapet er uroa for utviklinga.
- Vi ønsker at både nisser og folk flest i Sogn og Fjordane skal komme trygt heim til jul, seier Arne Voll, som er informasjonssjef i Gjensidige i ei pressemelding.
Undersøkinga viser dessverre også at halvparten av dei under 24 år har teke imot denne type sjølviar.
- Dette er urovekkjande. Er du uoppmerksam eit lite augeblikk, kan det vere nok til at det går gale, seier Voll.
Det er dokumentert at mange liv har gått tapt i trafikken på grunn av mobilbruk under bilkøyring. Frå 2005 til 2013 omkom 29 nordmenn i trafikken som følge av mobilbruk i bil, ifølge Statens vegvesen.
Sjølviar bak rattet kjem i tillegg til mykje anna farlig mobilbruk i bil. Til dømes nyttar ein av tre under 24 år sosiale medier medan dei køyrer, viser undersøkinga gjennomført av Ipsos for Gjensidige.
- Alt dette viser ei urovekkjande utvikling. Mykje av forklaringa er at vi kontinuerleg nyttar mobilen, og dessverre har bilkjøring ikkje blitt ein fristad, seier Arne Voll.
Mange vil seie «det skjer ikkje meg», men kvar einaste dag skjer det mange nestenulykker, og mørketalla er store. Dei fleste innrømmer ikkje at dei sat med «hovudet i mobilen» då det small.