17. mai-handel kan gje bulke-høytid i Flora

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Dei siste handledagene i slutten av veka er blant årets farlegaste dagar å parkere. Bare julehandelen er verre, viser statistikk fra forsikringsbransjen.

Ifølgje ei pressemelding frå Gjensidige betalte forsikringsbransjen i Flora kommune i fjor ut 1,8 millioner kroner etter 200 bulkeskader, som ofte oppstår i samband med parkering.

Om du skal gjøre storinnkjøp like før 17. mai bør du ha god tid, og halde augo opne når du parkerer. Statistikken viser at både 15. og 16. mai er blant årets 10 farlegaste dagar å parkere, ifølge bransjetal Gjensidige har sett saman.

I år fell 17. mai på tirsdag etter pinse, slik at siste heilt ordinære handledag før grunnlovsdagen er fredag 13. mai. Laurdag stenger butikkane tidlegare enn vanleg, og måndag er dei heilt stengd. Polet er dessutan stengd laurdag, måndag og tysdag.

Arne Voll, informasjonssjef i Gjensidige

Arne Voll, informasjonssjef i Gjensidige Foto:

– Fredag og laurdag før 17. mai kjem etter alle solemerke til å bli hektiske handledagar med mykje bulking på veg til og frå butikken, sieer Arne Voll, som er informasjonssjef i Gjensidige.

Han oppfordrar bilistane til å ta det med ro, vise omsyn, og rygge inn når dei parkerer.

– Du har mykje betre oversikt når du rygger inn i ei parkeringslomme enn om du rygger ut. På veg ut er det fort gjort å rygge inn i passerande bilar, og då blir skadene større, seier Voll.

Forsikringsnæringa betalte totalt ut 1 milliard kroner i 2015 i erstatning for bulkeskader som ofte oppstår i samband med parkering. I Sogn og Fjordane blei det åleine betalt ut 21 millionar kroner i samband med 2350 parkeringsskader.

Artikkeltags