80-åring kritisk skadd etter trafikkulykke

KRITISK SKADD: Politiet veit ikkje kva som er årsaka til frontkollisjonen ved Storebru, der ein 80-åring er kritisk skadd.

KRITISK SKADD: Politiet veit ikkje kva som er årsaka til frontkollisjonen ved Storebru, der ein 80-åring er kritisk skadd. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Politiet veit ikkje årsaka til trafikkulykka på rv. 5 på Storebru, der ein bubil og ein personbil frontkolliderte tysdag.

Kritisk skadd

Ein 80 år gammal mann blei først frakta til Førde sentralsjukehus, før han seinare på kvelden blei sendt til Haukeland universitetssjukehus.

Haukeland melde onsdag formiddag at mannen er kritisk skadd. 

Politiet har avhøyrt fleire vitne, mellom anna dei to personane i bubilen. Dei skal ikkje vere hardt skadde, opplyser Hope. 

Køyretøy kom over i motsett køyrefelt

Årsaka til ulykka er ukjent:

– Det eine køyretøyet kom over i motsett køyrefelt, men vi veit ikkje årsaka til dette, seier Wenke Hope, stasjonssjef i Florø.

Ho seier at forbikøyring ikkje skal vere årsaka til ulykka.

Ulykkesgruppa til Statens vegvesen vil i løpet av nokre dagar levere sin rapport frå ulykkesstaden.

Artikkeltags