Livet sto ikkje til å redde

Av
DEL

Like etter 13:20 tysdag ettermiddag fekk politiet melding om ein livlaus person i vatnet ved Krokane camping i Florø. Dette stadfesta politiet overfor Firdaposten klokka 13.45.

Livreddande førstehjelp vart sett i gang, men litt før klokka 14.50 vart mannen erklært død. Det stadfestar skadestadsleiar Synnøve Domben i politiet overfor Firdaposten.

– Mannen er i 50-60 åra. Han er ikkje identifisert, men vi har ei formeining om identiteten hans, og vi jobbar no med å få den stadfesta og samstundes varsle dei pårørande, seier Domben.

Det var turistar på campingplassen som melde frå, men dei skal ikkje ha sett korleis mannen hamna i vatnet. Politiet opplyser om at ingenting så langt tyder på at det skal vere snakk om noko kriminelt.

Saka blir etterforska vidare av Florø politistasjon.

Brannbilar, ambulanse og politi er på staden.

Brannbilar, ambulanse og politi er på staden. Foto:

Artikkeltags