Har funne gjenstandar som kan vere bilrestar i Jølstravatnet

Foto:

Skal vurderast av politiet.

DEL

– Vi har funne diverse deksel som kan stamme frå botnplater på ein bil. Vi veit førebel ikkje om delane tilhøyrer den aktuelle bilen, det er noko politiet vil kartlegge, seier utrykkingsleiar for leiteaksjonen, Arve Dvergsdal, til NTB i 19-tida laurdag. Det melder Firda.

Funnet vart først meldt på TV2-nyheitene laurdag kveld.

Ingen garantiar

Til Firda understrekar Dvergsdal at delane som er funne kan vere delar frå bilar med eit heilt anna opphav enn den rastekne bilen.

– Dei er no teke vare på, og vil no bli gitt til politiet for å bli vurderte, seier Dvergsdal.

Kvar nøyaktig delane vart funne, kan han ikkje fastslå – anna enn at dei vart funne drivande i overflata. Han fortel at dei ikkje har garantiar for at delane stammar frå bilen som skal vere teken av raset på sørsida av vatnet.

Han fortel vidare at tidlegare leiterundar på vatnet også har gitt funn av plastlister og den slags. Også her har ein ikkje garantiar for opphavet, men også desse funna vil også bli vurderte, seier Dvergsdal.

To frivillige søk kvar dag

Før helga vart det offisielle søket avslutta frå naudetatane si side. Gjennom helga har difor blitt gjennomført frivillige søk koordinert av Jølster brannvesen.

Laurdag har det blitt søkt i to puljar: 23 båtar i første puljen, med ein total på om lag 60 personar inklusiv dei som deltok på landssøk.

I andre pulje, som avslutta i 20-tida, deltok 22 båtar.

Dvergsdal fortel at det neste frivillige søket går klokka 08.00 søndag. Måndag reknar han med at politiet startar opp att med sine søk.

– Frå måndag av reknar eg med dei kjem att. Etter det eg har høyrt skal dei då få på plass ein spesialbåt for å sjekke om ein finn bilen, seier leiaren for leiteaksjonen.

Artikkeltags