Johan Trygve fann kona Rannveig medvitslaus attmed vegen. No takkar han dei som redda livet hennar.

REDNINGA: Her hentar CHC sitt redningshelikopter Rannveig og fraktar ho vidare til spesialistar på haukeland universitetssjukehus. – Dei berga livet til kona mi, seier Johan trygve Solheim.

REDNINGA: Her hentar CHC sitt redningshelikopter Rannveig og fraktar ho vidare til spesialistar på haukeland universitetssjukehus. – Dei berga livet til kona mi, seier Johan trygve Solheim. Foto:

SVANØY: – Redningshelikopteret og helsevesenet redda livet til kona mi tysdag, seier Johan Trygve Solheim.

DEL

Tysdag for ei veke sidan vart livet til Johan Trygve Solheim og kona Rannveig på Svanøy brått snudd på hovudet. Det kunne fort ha gått så mykje verre, hadde det ikkje vore for heltane i CHC sitt redningshelikopter og eit svært kompetent helsevesen.

Fann kona i grøfta

– Eg såg tilfeldigvis noko som likna på eit sykkelstyre i grøfta ikkje så langt frå Hjortesenteret, og tenkte at kona hadde slengt frå seg sykkelen – det gjer ho normalt ikkje. Eg sprang bort for å sjekke kva som hadde skjedd, og fann Rannveig medvitslaus i grøfta. Då ante eg det verste, for eg såg ho ikkje hadde kvelva i stor fart. Ho hadde nesten stoppa opp, og berre bikka av sykkelen og låg der i kramper, seier Johan Trygve til Firdaposten.

Rannveig hadde fått akutt hjernebløding, og hadde truleg klart å stoppe sykkelen før krampene tok over. Etter at Johan Trygve hadde konstatert at andedrett og puls var grei, la han Rannveig i stabilt sideleie. Deretter prøvde han å ringe 113. Men det var ikkje mobildekning på staden. Johan Trygve måtte difor forlate kona si for å springe tilbake til Hjortesenteret for å ringe naudnummeret.

– Naudetatane aksjonerte med ein gong. Eg fekk deretter eine sonen våre til å halde kontakten med 113, medan eg sprang attende til Rannveig, seier han.

Johan Trygve fann Rannveig mindre enn ein halv time etter at ho fekk hjernebløding. Mindre enn ein halv time seinare var redningshelikopteret frå CHC helikopter service på tunet ved Hjortesenteret. Innan det hadde gått to timar frå fallet, var Rannveig i trygge hender hos spesialistar på Haukeland universitetssjukehus.

(Artikkelen held fram under bildet).

I FULL SVING: Rannveig Solheim slik vi er van med å sjå ho; i full sving på familiegarden på Svanøy.

I FULL SVING: Rannveig Solheim slik vi er van med å sjå ho; i full sving på familiegarden på Svanøy. Foto:

Evig takksam

– Ein har høyrt mykje negativt om norsk helsevesen i norsk media. Eg er ikkje i tvil om at sjølv helsepersonell kan gjere feil, men er overtydd om at dei i de aller fleste tilfelle gjer jobben sin og litt til. Eg er i alle fall mektig imponert over kor kompetent og profesjonelt helsevesen vi har her i landet. Og eg håper media i større grad kan få fram akkurat dette, slik som dei gjorde i saka frå cruisebåten ved Hustadvika. Helsevesenet og ikkje minst redningstenesta har berga livet til kona mi, det er eg og hennar nære evig takksam for, seier Solheim.

Frå redningshelikopteret kom på staden, var han vitne til eit velregissert, gjennomprofesjonelt system som ikkje berre tok hand om Rannveig på ein forbilledleg måte, men også om han og dei andre rundt Rannveig.

– Bergingsmannskapet spurde meg heile tida korleis eg hadde det. Og då vi kom fram til Haukeland, var masse menneske i sving med Rannveig umiddelbart. Ho vart teken raskt inn i CT-skannaren, medan eg fekk meg ein kopp kaffi og nokon å prate med. Ikkje lenge etter kom kirurgen og fortalde kva som hadde skjedd, og kva som kom til å skje vidare, seier Johan Trygve.

Johan Trygve vart halde løpande orientert om situasjonen. Rannveig vart operert ganske så raskt. Men slike operasjonar er risikable. Vissheita om at ho kanskje ikkje ville overleve operasjonen var skremmande.

– Det var spesielt å sjå kona si i ein sånn forfatning. Der og då tenkte eg at det kanskje var det siste eg såg til ho. Då gutane våre kom til sjukehuset dagen etter, vart vi alle tekne godt vare på, seier Johan Trygve.

Spurde kven som bar posten

Men situasjonen snudde brått til det betre. Etter to operasjonar kom kirurgen og fortalde at operasjonane, sjølv om dei var risikable, hadde gått veldig bra. Og berre to dagar etter operasjonen fekk dei kontakt med Rannveig igjen.

– Då ho spurde om kven som skulle køyre posten på Svanøy, no når ho låg her på Haukeland, visste vi at alt verka som det skulle oppi der, humrar Solheim.

Ei veke etter hjerneblødinga er Rannveig stabil, men veldig medtatt. Ho har fått attende taleevna.

– Kvardagen blir nok aldri heilt den same. Det er for tidleg å seie om ho får nokre varige mein, men prognosen er veldig bra. Rehabiliteringa vil nok ta tid, det kan fort gå oppimot eit år før ho er tilbake for fullt, seier Johan Trygve og strekar under:

– Vi er eit lite samfunn ute på Svanøya, der alle er avhengige av kvarandre. Og eg er utruleg takksam for alle som har stilt opp for å få kvardagen vår til å gå rundt, og at eg har så gode medarbeidarar. Eg er stolt av å komme frå ein plass der ein tek vare på kvarandre. Eg er også veldig glad av all støtta som har komme i etterkant, det er mange som har teke kontakt for å spørje korleis dei kan hjelpe. Og så er det viktig for meg å seie at denne hendinga her viser at vi er minst like trygge her på Svanøy som midt i Oslo, seier Johan Trygve.

Artikkeltags