To bilar utfor vegen to ulike stader i Bremanger

Brøytebilen køyrde ut av vegen ved Varpe.

Brøytebilen køyrde ut av vegen ved Varpe. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ei ulykke skjer sjeldane åleine. Det var tilfelle måndag ettermiddag. For samstundes som ein brøytebil køyrde av vegen i nærleiken av Varpe, køyrde ein personbil av vegen i Kjelkenes, kring 300 meter frå gamle ferjekaia. Den kvinnelege føraren av denne bilen var i lett sjokk, og klaga over vondt i hovudet. Ho var køyrd til legevakta for ein sjekk, seier lensmann Espen Gulliksen til Firdaposten. Han oppfordar til at ein tek det svært varsamt på vegane i dag.

– Det er fullstendig såpe på vegane her. Heilt forjævleg, for å seie det rett ut, seier Gulliksen.

Artikkeltags