Kvinne (41) døydde etter båtulykka

REDNINGSAKSJON: Ein båt med to personar køyrde på land i Selje

REDNINGSAKSJON: Ein båt med to personar køyrde på land i Selje Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SELJE: Politiet har avhøyrt fleire vitne etter den tragiske båtulykka ved øya Selja laurdag.

DEL

Kvinna som blei kritisk skadd i ei båtulykke i Selje laurdag morgon, døydde av skadane laurdag kveld.

Det melder Vest politidistrikt.

Måndag gjekk politiet, i samråd med pårørande, ut med namnet til kvinna.

Det var Ruth Elisabeth Silden, fødd 12.03.1977, som omkom i ulykka.

Kvinna var på tur saman med ektemannen då ulykka skjedde. Begge bur i Vågsøy kommune, melder Firda.

– Den avdøde jobba hos oss, ho var tilsett i kommunen. Så alle i organisasjonen er råka. Kollegaene hennar og rektorane ved skulane der barna går, skal møtast i morgon for å planlegge arbeidsdagen og skuledagen tysdag. Det seier kommunalsjef Jeanette Jensen til Bergens Tidende søndag ettermiddag.

Det er oppretta kriseteam i kommunen.

Døydde av skadane

Politiet fekk melding om ulykka 06.45 laurdag. Ein båt hadde då køyrd på land på øya Selja i Selje kommune. Det vart sett i gang redningsaksjon og 08.14 kunne politiet melde at ein mann i 40- åra hadde kome seg ut av båten og varsla om ulykka.

Kvinna i 40- åra var inni båten og blei henta opp av dykkarar. Det var då uvisst kor lenge ho hadde vore der.

Haukeland universitetssjukehus melde laurdag at kvinna var kritisk skadd, men seinare kom meldinga om at kvinna var død.

Dei pårørande er varsla, melder Vest politidistrikt. 

Både mannen og kvinna er frå Sogn og Fjordane.

Kvinne i 40-åra kritisk skadd etter båtulykke 

Har avhøyrt fleire vitne

Lisbeth Engesæter ved Nordfjord lensmannsdistrikt, leiar etterforskinga av saka. Dei veit enno ikkje kva som er årsaka til dødsulykka.

– Vi etterforskar saka som ei ulykke og gjennomfører tekniske og taktiske undersøkingar.

Arbeidet vil halde fram utover dagen i dag. Politiet har gjort fleire avhøyr og skal gjennomføre endå fleire, deriblant mannen i 40- åra som var om bord då ulykka skjedde. Han er lettare skadd. 

– Vi skal avhøyre alle aktuelle personar som kan vere med å finne årsaka, men enn så lenge er det for tidleg for oss å konkludere, seier Engesæter til Firda.

Politiet skal undersøke båten og vil då vite meir om mellom anna kva fart båten hadde ved kollisjonen.

Artikkeltags