Påkøyrt ved Samfunnshuset

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FLORA: Det melder politiet.

DEL

Ein person er påkøyrt i Florø, melder operasjonssentralen ved Politi vest.

– Vi har førebels ikkje personalia på personen, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord ved Politi vest til Firda.

Personen vart påkøyrd av ein personbil i eller ved eit gangfelt ved drosjesentralen i Markegata.

– Patruljen oppgjev at den påkøyrde ikkje er kritisk skadd. Han vart først behandla på staden av ambulansepersonell, og er no køyrt til den lokale legevakta, seier Rebnord.

– Vedkommande var vaken og medviten då han vart køyrt til legevakta, seier Rebnord.

Politiet er på staden, og har no kontakt med føraren av personbil.

– Så får vi sjå kva som kjem ut av det.

Artikkeltags