Bilulykke i Havrenesvegen

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Klokka 10.10 tysdag melder politiet på Twitter at det har vore ein trafikkulykke i Havrenesvegen, i nærleiken av Mix-kiosken.

To bilar har kollidert front mot front. To personar skal ha vore involvert i ulykka, ein av dei melder om smerter etter kollisjonen. Naudetatane er framme på staden.

Ulykka hende då ein mindre personbil som kom køyrande frå vest, kom rundt svingen ved mix-kiosken. Bilen sklei over i motsett køyrefelt der det kom ein større pickup køyrande. Føraren av den vesle bilen, ein eldre mann, vart sendt til legesjekk. Han klaga på smerter i brystet. Airbagen vart løyst ut i bilen hans.

- Det er jæklig glatt på staden, seier førstebetjent Kjell Magne Barsnes i politiet, som var på staden.

Det er danna issvullar i køyrebana, av tettpakka snø. Dette gjer vegen veldig glatt. Det gjer også til at bilane lett kan bli "fanga" i motsett spor

Brannvesenet kom fort til staden, og har opna vegen att. Bilbergar er på veg.

Artikkeltags