Kvinne frakta til Haukeland sjukehus etter båtulykke

REDNINGSAKSJON: Ein båt med to personar køyrde på land i Selje.

REDNINGSAKSJON: Ein båt med to personar køyrde på land i Selje. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SELJE: Ein båt med to personar køyrde på land laurdag morgon.

DEL

Alarmsentralen i Florø fekk klokka 06.45 laurdag morgon inn melding om at ein båt har køyrd på land på øya Selja i Selje kommune. Det vart sett i gang ein redningsaksjon med luftambulanse, redningshelikopter, redningsskøyte, redningsdykkarar frå Vågsøy og brannmannskap frå Selje. Det skriv Firda.

Politiet melde klokka 08.14 at ein mann i førtiåra hadde komme seg ut av båten og varsla om ulykka.

Henta opp frå sjøen

Ei kvinne i førtiåra blei redda opp av sjøen av dykkarar frå redningsskøyta SR Halfdan Grieg og brannvesenet. Ho fekk førstehjelp av helsepersonell på staden, før ho blei frakta til Haukeland sjukehus med helikopter. Det er uvisst kva tilstand kvinna er i etter hendinga.

Kvinna er kritisk skadd etter ulykka. Det melde Haukeland sjukehus i ei pressemelding klokka 13.15 laurdag.

Til Haukeland i helikopter

Ho fekk førstehjelp av helsepersonell på staden, før ho blei frakta til Haukeland sjukehus med helikopter.

Både mannen og kvinna skal vere frå Sogn og Fjordane.

Ulykka skjedde på sørspissen av øya Selja, nærare bestemt ved Elshaugneset.

– Båten var sokke då vi kom fram, og ein person var sakna, fortel Øystein Sandberg, skipper på redningsskøyta SR Hafldan Grieg.

Då redningsskøyta kom fram var det allereie sett i gang søk frå ein lastebåt og frå hurtigbåten som går mellom Bergen og Selje. Båten hadde sokke til botn, men det var ikkje djupare enn at baugen var like under overflata.

Det er uvisst kva som er grunnen til at båten gjekk på grunn. Sanberg fortel at det var fint vêr og nesten vindstille på staden.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken