Bil har køyrd utfor skrent i Bremanger

DEL

Like før klokka 15.00 torsdag ettermiddag melde politiet om eit trafikkuhell eit par hundre meter på vestsida før Eikelandstunnelen utanfor Svelgen.

– Det er snakk om ein bil som har køyrd utfor kantsteinen og ned ei skråning. Vi har ikkje fått beskjed om at bilføraren har skada seg i ulykka, seier operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt til Firdaposten.

Espen Gulliksen i politiet i Bremanger er på staden no. Han kan fortelje at føraren, ein mann i 60-åra, er sendt til legevakta for sjekk. Men alt i alt kunne det gått verre enn det faktisk gjorde, strekar Gulliksen under:

– Kva som er årsaka til ulykka er ikkje avklart enno, men bilen har treft begynnelsen av betongkanten og tatt av på denne. Bilen har deretter landa ute i skråningen. Bilen har fått god medfart. Føraren er heldig at han ikkje trong meir enn ein sjekk på legevakta, strekar Gulliksen under.

Artikkeltags