Tre bilar har krasja ved Best-stasjonen i Naustdal

Eine involverte bilen i ulykka tysdag morgon.

Eine involverte bilen i ulykka tysdag morgon. Foto:

ULYKKE: Det melder Vest politidistrikt tysdag morgon.

DEL

– Tre bilar har køyrt inn i kvarandre. Politiet er på veg, seier operasjonsleiar Helge Blindheim i Vest politidistrikt til Firda klokka 08.00 tysdag morgon. Brannvesen var då på staden.

Politiet fekk melding om uhellet klokka 07.55.

Det skal ikkje vere personskade. Kollisjonen skjedde ved Best-stasjonen i Naustdal sentrum.

Fleire Firda har snakka med fortel at det er svært glatt på vegane i Naustdal tysdag morgon.


Artikkeltags