Står framleis utan svar etter dødsulykka i Flora

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FLORA: Politiet ventar på obduksjonsrapporten og ulykkesgruppa sin rapport for å finne svar etter den tragiske dødsulykka på rv. 5.

DEL

Den tragiske ulykka skjedde torsdag i førre veke då ein mann i 50-åra omkom ved Mekevika på riksveg 5 i Flora. Bilen han sat i hamna utfor vegen og hamna i sjøen.

Ventar på rapportar

– Vi har ikkje noko konklusjon på kva som har skjedd, men vi har kome oss vidare i etterforskinga, seier Wenke Hope, tenestestadsleiar ved Flora politistasjon til Firda.

Politiet ventar no på ulykkesgruppa sin rapport. Dei var på staden same dag som ulykke skjedde. Bilen skal undersøkast for å sjå om ein kan finne svar her.

Politiet ventar også på obduksjonsrapporten.

– Kor tid vi får svar på desse rapportane, veit eg ikkje, seier Hope.

Det var Knut Alfred Hatleset (53) frå Flora kommune som omkom i den tragiske ulykka.

Har få vitne

Det er gjort fleire avhøyr av vitne som såg bilen forut ulykka.

– Det er ikkje så mange vitne, men vi er ganske godt opplyst ut frå det dei har fortalt.

Hope vil ikkje seie kva vitna har forklart så lenge saka er under etterforsking.

Artikkeltags