Det var Svein-Kåre Aannevik frå Kalvåg som vart funnen omkommen etter ei fallulykke i Balestrand i går måndag. Det stadfestar politiet overfor Firdaposten tysdag morgon.

Han vart funnen i sjutida på kvelden i fjellsida under fjellet Vindreken. Ei alpin redningsgruppe klarte å komme seg fram til staden, og henta den omkomne ned. Det skriv Firda.