Motorsykkel kolliderte med hjort

HJORT: Det gjekk heldigvis betre med føraren av motorsykkelen enn med dette stakkars dyret.

HJORT: Det gjekk heldigvis betre med føraren av motorsykkelen enn med dette stakkars dyret. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Føraren av motorsykkelen slapp unna med skrekken, og eit par skrubbsår.

DEL

Tysdag kveld rundt klokka 23 gjekk det gale mellom Grovastøylen og Grov. Ein motorsykkel som kom køyrande i retning Grov fekk eit ublidt møte med ein hjort. Politiet rykka ut, og fekk rutinemessig følge av ambulansen. Det er eit augnevitne som fortel om hendinga, Firdaposten har natt til onsdag ikkje klart å få kontakt med politiets operasjonssentral.

Heldigvis viste det seg at det ikkje var naudsynt med ambulanse. Føraren slapp unna med nokre skrubbsår, men kollisjonen gjekk hardt utover både sykkelen og dyret. Hjorten skal ha døydd i påkøyrselen.

Egil Ødegård kom til staden rett etter ulykka, og tipsa seinare Firdaposten om saka. Han ber dei som ferdast langs vegen vere oppmerksam på hjortefaren. Det er utruleg mykje hjort å sjå i vegkanten for tida. Det er eit råd vi stiller oss bak. Køyr forsiktig!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken