Like etter klokka 19.00 fredag melder politiet om at ein bil har køyrd i autovernet ved innkøyringa til Havhesten i Florø.

– Bilen skal ha køyrd inn i autovernet med fronten først, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnor ved Politiets operasjonssentral i region vest til Firdaposten.

Det skal ha vore to personar inne i bilen då den køyrde i autovernet. Den eine blir følgt opp av ambulansetenesten. Den andre personen er uskadd.