Motorsykkel og personbil har krasja i Selje

DEL

Ein person skal vere skadd etter at ein personbil og ein motorsykkel har kollidert ved Kjødspollen i Selje kommune. Det opplyser Vest politidistrikt klokka 17.00 laurdag ettermiddag. Dei fekk melding om ulykka klokka 16.47. Naudetatane har rykt ut. Det skriv Firda.

Helse Førde AMK melder like før klokka halv seks at ambulanse er framme på staden og at luftambulanse er på veg.

– Den skadde skal bli frakta med luftambulanse til Ålesund sjukehus. Førebels veit vi ikkje noko om skadeomfanget, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker ved Vest politidistrikt til Bergens Tidende.

Saka blir oppdatert.

Kvinne i 40-åra kritisk skadd etter båtulykke 

Artikkeltags